Annegrete Bruvoll

Partner
annegrete@menon.no
+47 997 11 787

Annegrete Bruvoll er samfunnsøkonom (forskar 1) og partner i Menon. Ho har 25 års erfaring frå økonomisk forsking og utreiing frå Finansdepartementet og i Forskingsavdelinga i Statistisk sentralbyrå som forskar og forskingsleiar.
Hennar forsking omhandlar effektiviteten i klimavirkemiddel, energi- og miljøøkonomi. Dei seinare åra har ho hatt fleire prosjekt nettopp knytte til kommunal klimaverkemiddelbruk, i tillegg til nasjonale og nordiske prosjekt knytte til vurderingar av grøn økonomi, og ho deltok som lead author i 2014-hovudrapporten til FNs klimapanel (IPCC). Ho har også spesialisert seg på metodar for ringvirkingsanalysar av offentlege investeringar og makroøkonomiske likevektsanalysar.
Annegrete har vore sentral i utviklinga av verktøy for vurdering av netto ringverknader i norske vegprosjekt gjennom prosjekt for transportetatane. Dei siste åra har ho arbeidd mykje med regionale veksttiltak, kommunale analysar og makroøkonomiske likevektsanalysar.
Annegrete har brei bakgrunn frå akademisk forsking og analyse, og omfattande erfaring frå publisering, redaktørarbeid og kvalitetssikring. Ho har delteke i fleire styre i Norges Forskingsråd, i evalueringsutval for forskingsprogram i Norge og EU og i offentlege utval.

Tech Hacks, News and Tutorialslearn blogging and seo computer and windows tricks website development in lahoreDownload Movies, TV Series, Softwares, Games, Tutorials and much more with 1 Click Direct Download Link

Kontakt oss

MENON ECONOMICS


Telefon: +47 909 90 102
E-post: post@menon.no
Adresse: Sørkedalsveien 10 B, 0369 Oslo